11 Slik skal de gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de slå med bann og utrydda.»
12 Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre unge jenter som var jomfruer og ikkje hadde vore saman med eller lege med nokon mann. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.
13 Så sende heile forsamlinga bod til dei Benjamin-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.
14 Då kom Benjamin-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene frå Jabesj i Gilead som dei hadde late leva. Men det vart ikkje nok til dei.
15 Folket sørgde endå over Benjamin. For Herren hadde laga eit tomrom blant Israel-stammane.
16 Då sa dei eldste i forsamlinga: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamin er utrydda?»
17 Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ein heil stamme av Israel går til grunne?