8 Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel-stammane som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Det viste seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til forsamlinga i leiren.
9 Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av dei som budde i Jabesj i Gilead der.
10 Forsamlinga sende då tolv tusen krigarar dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead med sverd, kvinner og born òg.
11 Slik skal de gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de slå med bann og utrydda.»
12 Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre unge jenter som var jomfruer og ikkje hadde vore saman med eller lege med nokon mann. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.
13 Så sende heile forsamlinga bod til dei Benjamin-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.
14 Då kom Benjamin-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene frå Jabesj i Gilead som dei hadde late leva. Men det vart ikkje nok til dei.