1 Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att. – Han ville bruka dei til å setja Israel på prøve, dei av Israel som ikkje hadde vore med i alle krigane om Kanaan.
2 Dette gjorde han for at dei komande slektene av israelittar skulle læra å føra krig, men berre dei som ikkje hadde vore med før. –
3 Det var hovdingane for dei fem filistarbyane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde i Libanon-fjella, frå Baal-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
4 Ved dei vart Israel sett på prøve, så det kunne visa seg om dei ville lyda boda som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.
5 Israelittane budde midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.