3 Det var hovdingane for dei fem filistarbyane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde i Libanon-fjella, frå Baal-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
4 Ved dei vart Israel sett på prøve, så det kunne visa seg om dei ville lyda boda som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.
5 Israelittane budde midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
6 Dei tok døtrene deira til koner og gav sjølve døtrene sine til sønene deira, og dei dyrka gudane deira.
7 Israelittane gjorde det som var vondt i Herrens auge; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Baal-gudane og Asjera-gudinnene.
8 Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Aram-Naharajim. Israelittane måtte tena Kusjan-Risjatajim i åtte år.
9 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram i Israel, og han frelste dei. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.