1 På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge, no då Ehud var død.
2 Herren gav dei i hendene på kanaanearkongen Jabin, som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han heldt til i Harosjet-Haggojim.
3 Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han kua israelittane med makt i tjue år.
4 På den tida var profetkvinna Debora, kona til Lappidot, dommar i Israel.