2 Herren gav dei i hendene på kanaanearkongen Jabin, som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han heldt til i Harosjet-Haggojim.
3 Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han kua israelittane med makt i tjue år.
4 På den tida var profetkvinna Debora, kona til Lappidot, dommar i Israel.
5 Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar.
6 Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, byd deg: Gå av stad og dra opp på Tabor-fjellet! Ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon.
7 Så skal eg få Sisera, Jabins hærførar, til å dra ut mot deg med vogner og troppar ved Kisjon-dalen. Eg gjev han i dine hender.»
8 Barak sa til henne: «Går du med, skal eg gå, men går du ikkje med meg, går ikkje eg.»