4 På den tida var profetkvinna Debora, kona til Lappidot, dommar i Israel.
5 Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar.
6 Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, byd deg: Gå av stad og dra opp på Tabor-fjellet! Ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon.
7 Så skal eg få Sisera, Jabins hærførar, til å dra ut mot deg med vogner og troppar ved Kisjon-dalen. Eg gjev han i dine hender.»
8 Barak sa til henne: «Går du med, skal eg gå, men går du ikkje med meg, går ikkje eg.»
9 Då sa ho: «Visst skal eg gå med deg. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren vil overgje Sisera i handa til ei kvinne.» Så drog Debora med Barak til Kedesj.
10 Barak kalla Sebulon og Naftali saman i Kedesj. Så drog han av stad, og bak han marsjerte ti tusen mann. Debora drog saman med han.