1 Den dagen song Debora og Barak, son til Abinoam, denne songen:
2 Når Israels fremste går føreog folket villig møter fram,lovpris Herren!
3 Høyr, de kongar!Lytt, de fyrstar!Eg vil syngja, syngja for Herren,spela for Herren, Israels Gud.
4 Herre, då du drog ut frå Se'irog steig fram frå markene i Edom,då riste jorda, dropar fall frå himmelen,vassdropar fall frå skyene.
5 Fjella smelta for Herren, han frå Sinai,for Herren, Israels Gud.
6 I Anat-sonen Sjamgars dagar,i Jaels dagar, låg vegane aude.Dei som var på reise,gjekk på krokete stigar.
7 Landsbyane låg aude i Israel,dei låg aude,før eg, Debora, stod fram,stod fram som ei mor i Israel.