16 Kvifor sat du mellom kløvkorgeneog lytta til fløytetonar frå gjetarane?I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.
17 Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Kvifor drygde Dan ved skipa?Asjer, som budde ved havsens strand,heldt seg i ro i vikane der.
18 Sebulons folk viste dødsforakt,også Naftali,på dei opne høgdene.
19 Kongar kom og kjempa,då kjempa dei, Kanaans kongar,i Taanak ved Megiddos vatn,men dei tok ikkje sølv som bytte.
20 Frå himmelen kjempa stjernene,frå sine banar kjempa dei mot Sisera.
21 Kisjon-elva reiv dei bort,den eldgamle elva, Kisjon-elva.Gå fram, mi sjel, med kraft!
22 Då hamra det av hestehovar,av hingstar i galopp, i galopp!