23 «Forbann Meros!» sa Herrens engel.«Forbann, forbann dei som bur der!For dei kom ikkje Herren til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp mot krigarane!»
24 Velsigna blant kvinner er Jael,kona til kenitten Heber,velsigna blant kvinner som bur i telt.
25 Han bad om vatn,ho gav han mjølk.Ho kom med rømme i ei praktfull skål.
26 Ho strekte ut handa etter teltpluggen,høgre handa mot hammaren til handverkaren.Ho slo til Sisera så skallen vart kløyvd,dreiv pluggen igjennom og knuste tinningen.
27 Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte og vart liggjande.Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte.Der seig han i kne, stupte og var knust.
28 Gjennom vindauget kikka ho ned,mor til Sisera ropa gjennom gitteret:«Kvifor kjem ikkje vogna hans,kvifor dryger hovslaga frå stridsvognene?»
29 Dei klokaste hoffdamene svara henne,og sjølv gav ho svar på sine eigne ord: