4 Herre, då du drog ut frå Se'irog steig fram frå markene i Edom,då riste jorda, dropar fall frå himmelen,vassdropar fall frå skyene.
5 Fjella smelta for Herren, han frå Sinai,for Herren, Israels Gud.
6 I Anat-sonen Sjamgars dagar,i Jaels dagar, låg vegane aude.Dei som var på reise,gjekk på krokete stigar.
7 Landsbyane låg aude i Israel,dei låg aude,før eg, Debora, stod fram,stod fram som ei mor i Israel.
8 Gud valde ut nye leiarar,då var det strid i portane,men skjold eller spyd var ikkje å sjåblant dei førti tusen i Israel.
9 Hjartet mitt slår for Israels herskarar,for folket som villig møtte fram.Lovpris Herren!
10 De som rid på blakke eselhopper,de som sit på teppe,de som vandrar langs vegen:Syng!