6 I Anat-sonen Sjamgars dagar,i Jaels dagar, låg vegane aude.Dei som var på reise,gjekk på krokete stigar.
7 Landsbyane låg aude i Israel,dei låg aude,før eg, Debora, stod fram,stod fram som ei mor i Israel.
8 Gud valde ut nye leiarar,då var det strid i portane,men skjold eller spyd var ikkje å sjåblant dei førti tusen i Israel.
9 Hjartet mitt slår for Israels herskarar,for folket som villig møtte fram.Lovpris Herren!
10 De som rid på blakke eselhopper,de som sit på teppe,de som vandrar langs vegen:Syng!
11 Dei overdøyver lyden av dei som hentar vatnnår dei fortel ved vatningsstadeneom Herrens rettferdige gjerningar,hans rettferdsgjerningar mot landsbyfolket i Israel.Då drog Herrens folkned til portane.
12 Vakna, vakna, Debora!Vakna, vakna, ber fram ein song!Reis deg, Barak,fang dine fiendar, Abinoams son!