9 Hjartet mitt slår for Israels herskarar,for folket som villig møtte fram.Lovpris Herren!
10 De som rid på blakke eselhopper,de som sit på teppe,de som vandrar langs vegen:Syng!
11 Dei overdøyver lyden av dei som hentar vatnnår dei fortel ved vatningsstadeneom Herrens rettferdige gjerningar,hans rettferdsgjerningar mot landsbyfolket i Israel.Då drog Herrens folkned til portane.
12 Vakna, vakna, Debora!Vakna, vakna, ber fram ein song!Reis deg, Barak,fang dine fiendar, Abinoams son!
13 Då drog dei ned, dei som var att av dei mektige, Herrens folk drog med meg mot krigarane.
14 Frå Efraim kom dei som hadde røter i Amalek.Etter deg, Benjamin, kjem dei med sine folk.Frå Makir drog herskarane ned,frå Sebulon menn med hærførarstav,
15 Jissakars hovdingar saman med Debora,Jissakar kom, Barak var med,i dalen følgde dei han hakk i hæl.I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.