1 Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på midjanittane i sju år.
2 Midjanittane hadde makta over Israel. For å koma unna Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst i fjella, både hòler og fjellborger.
3 Kvar gong israelittane hadde sådd, kom midjanittane og amalekittane og folka frå aust og gjekk til åtak på dei.
4 Dei slo leir midt imot dei og øydela avlinga i landet heilt bort til Gaza. Dei lét det ikkje bli noko att å leva av i Israel, ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.