29 Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei undersøkte og spurde seg føre, vart det sagt at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.
30 Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy! Han har rive ned Baal-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»
31 Men Joasj sa til alle som stod omkring han: «Vil de strida for Baal? Vil de hjelpa han? Den som strider for Baal, skal døy før morgonen gryr. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv mot den som har rive ned altaret hans.»
32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubbaal, for dei sa: «Lat Baal strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans!»
33 Alle midjanittane, amalekittane og folka frå aust samla seg. Dei sette over Jordan og slo leir på Jisreel-sletta.
34 Då kom Herrens ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-slekta samla seg og følgde han.
35 Så sende han bodberarar ut i heile Manasse, og dei samla seg og følgde han, dei òg. Han sende bodberarar til Asjer og Sebulon og Naftali, og dei kom og gav seg i lag med dei andre.