3 Kvar gong israelittane hadde sådd, kom midjanittane og amalekittane og folka frå aust og gjekk til åtak på dei.
4 Dei slo leir midt imot dei og øydela avlinga i landet heilt bort til Gaza. Dei lét det ikkje bli noko att å leva av i Israel, ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.
5 For dei kom med buskap og telt som svermar av grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira. Dei kom for å øydeleggja landet.
6 Israel vart heilt utarma av midjanittane, og israelittane ropa til Herren.
7 Då israelittane ropa til Herren på grunn av midjanittane,
8 sende Herren ein profet til dei. Han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og henta dykk ut av slavehuset.
9 Eg berga dykk ut av hendene på egyptarane og frå alle som undertrykte dykk. Eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.