8 sende Herren ein profet til dei. Han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og henta dykk ut av slavehuset.
9 Eg berga dykk ut av hendene på egyptarane og frå alle som undertrykte dykk. Eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.
10 Eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje frykta gudane til amorittane, som eigde det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.
11 Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, den som høyrde til Joasj av Abieser-slekta. Gideon, son til Joasj, stod og treskte kveite i vinpressa for å berga kornet frå midjanittane.
12 Då synte Herrens engel seg for han og sa til han: «Herren er med deg, du djerve krigar.»
13 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Om Herren er med oss, kvifor har då alt dette hendt med oss? Kvar er dei undera han gjorde, og som fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut frå Egypt. Men no har Herren vendt seg frå oss og gjeve oss i hendene på midjanittane.»
14 Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!»