1 Jerubbaal, det er Gideon, tok tidleg ut, og heile hæren med han, og dei slo leir ved Harod-kjelda. Leiren til midjanittane låg nord for Gideon, ved More-haugen nede på sletta.
2 Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på dei. For då kunne Israel briska seg mot meg og seia: Ved eiga hand har eg vorte berga!
3 Rop no ut så folket høyrer det: Den som er redd og skremd, kan snu og venda heim att frå Gilead-fjellet!» Då var det tjueto tusen mann som fór, og ti tusen vart att.
4 Men Herren sa til Gideon: «Enno er det for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Når eg seier til deg: Denne skal gå med deg, då skal han bli med. Men seier eg: Denne skal ikkje gå med deg, då skal han ikkje vera med.»
5 Så lét Gideon hæren gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga slik som hundar gjer, skal du stilla opp for seg, og på same måten alle som legg seg på kne og drikk.»