12 Midjanittane og amalekittane og alle folka frå aust låg nede i dalen så tett som grashopper. Kamelane deira var det ikkje tal på; dei var som sanden på havsens strand.
13 Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde kameraten sin ein draum. Han sa: «Du, eg har hatt ein draum om at eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram, støytte det mot teltet og velte det, så det vart snudd opp ned og vart liggjande.»
14 Då svara kameraten hans: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet til israelitten Gideon, son til Joasj. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»
15 Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad. Han gjekk tilbake til Israelsleiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanittleiren i hendene dykkar.»
16 Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle bukkehorn og tomme krukker i hendene, og faklar til å ha inni krukkene.
17 Han sa til dei: «Sjå på meg og gjer som eg! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera det same som eg gjer.
18 Når eg og alle som er med meg, blæs i bukkehorn, skal de òg blåsa i bukkehorn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»