1 Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk kraftig i rette med han.
2 Men han sa til dei: «Kva har eg gjort samanlikna med dykk? Er ikkje etterraksten til Efraim meir verd enn vinhausten til Abieser?
3 Det var i dykkar hender Gud gav midjanitthovdingane Oreb og Seeb. Har eg makta å gjera som de?» Då han sa dette, lét dei vreiden mot han stilna av.
4 Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Dei var utmatta etter jakta.
5 Då sa han til mennene i Sukkot: «Kan de gje nokre brød til krigsfolket som følgjer meg, for dei er slitne. Eg jagar Sebah og Salmunna, kongane i Midjan.»
6 Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din brød?»