11 Gideon drog opp langs vegen til teltbuarane aust for Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.
12 Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei og tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange. Han fekk heile hæren til å skjelva av skrekk.
13 Då Gideon, son til Joasj, vende heim frå striden og kom opp gjennom Heres-passet,
14 fekk han tak i ein ung gut, ein av mennene i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han namna på hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.
15 Då han kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine brød?»
16 Han greip dei eldste i byen. Så tok han ville tornebuskar og tistlar og lærte mennene i Sukkot ei lekse med dei.
17 Tårnet i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.