17 Tårnet i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.
18 Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg. Begge såg ut som kongssøner.»
19 Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever, hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.»
20 Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje, for han var berre ein unggut endå.
21 Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.
22 Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din, for du har berga oss ut av hendene på midjanittane.»
23 Men Gideon svara: «Eg skal ikkje rå over dykk. Son min skal heller ikkje rå over dykk. Herren skal rå over dykk.»