2 Men han sa til dei: «Kva har eg gjort samanlikna med dykk? Er ikkje etterraksten til Efraim meir verd enn vinhausten til Abieser?
3 Det var i dykkar hender Gud gav midjanitthovdingane Oreb og Seeb. Har eg makta å gjera som de?» Då han sa dette, lét dei vreiden mot han stilna av.
4 Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Dei var utmatta etter jakta.
5 Då sa han til mennene i Sukkot: «Kan de gje nokre brød til krigsfolket som følgjer meg, for dei er slitne. Eg jagar Sebah og Salmunna, kongane i Midjan.»
6 Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din brød?»
7 Då sa Gideon: «Fordi du sa det, skal eg riva opp kjøtet dykkar med ville tornebuskar og tistlar når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i mi hand.»
8 Så fór han opp til Penuel og spurde om det same. Men i Penuel svara mennene han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort.