30 Frå Gideon gjekk det ut sytti søner, for han hadde mange koner.
31 Følgjekona han hadde i Sikem, fødde òg ein son til han, og han gav han namnet Abimelek.
32 Gideon, son til Joasj, døydde i høg alder og vart lagd i grava til Joasj, far sin, i Ofra, byen til Abieser-slekta.
33 Då Gideon var død, byrja israelittane å driva hor med Baal-gudane att. Dei gjorde Baal-Berit til sin gud.
34 Israelittane tenkte ikkje på Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring.
35 Dei viste ingen truskap mot Gideon, mot Jerubbaal og huset hans, trass i alt det gode han hadde gjort for Israel.