1 Abimelek, son til Jerubbaal, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med heile slekta til morfaren sin og sa:
2 «Gå no til alle menn med makt i Sikem og spør: Kva er best for dykk? Vil de ha sytti mann, alle sønene til Jerubbaal, til å rå over dykk, eller vil de at berre éin mann skal rå? Kom i hug at eg er av same bein og kjøt som de.»
3 Då gjekk morbrørne og sa alt dette til alle menn i Sikem. Og hjartet deira vart vunne for Abimelek, for dei sa: «Han er jo ein av våre.»
4 Så gav dei han sytti sjekel sølv frå tempelet til Baal-Berit. For dei leigde Abimelek nokre simple menn som gjekk og dreiv, og dei følgde han.
5 Så fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg.
6 Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.