16 Har de fare ærleg og trufast fram når de no har gjort Abimelek til konge? Gjorde de vel mot Jerubbaal og ætta hans og lét han få som han fortente?
17 Far min stridde for dykk, han våga livet og berga dykk ut av hendene på Midjan.
18 Men i dag har de reist dykk mot slekta til far min og drepe sønene hans, sytti mann på éin stein. De har gjort Abimelek, som er son til slavekvinna hans, til konge over Sikems menn fordi han er ein av dykk.
19 Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubbaal og ætta hans, så gled dykk over Abimelek og lat han gleda seg over dykk!
20 Men har de ikkje det, skal det gå eld ut frå Abimelek og øydeleggja mennene i Sikem og Bet-Millo. Og eld skal gå ut frå mennene i Sikem og frå Bet-Millo og øydeleggja Abimelek.
21 Så rømde Jotam. Han flykta og fór til Beer. Der slo han seg ned så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå han.
22 I tre år styrte Abimelek i Israel.