21 Så rømde Jotam. Han flykta og fór til Beer. Der slo han seg ned så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå han.
22 I tre år styrte Abimelek i Israel.
23 Då sende Gud ei vond ånd mellom Abimelek og mennene i Sikem, så dei sveik Abimelek.
24 Dette hende for at valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene til Jerubbaal, kunne bli hemna. Blodet deira skulle koma både over deira eigen bror Abimelek, han som drap dei, og over mennene i Sikem, som støtta han så han kunne drepa brørne sine med eigne hender.
25 Mennene i Sikem la folk i bakhald mot han på fjelltoppane, og dei rana alle som fór forbi dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26 Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han.
27 Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.