27 Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.
28 Då sa Gaal, son til Ebed: «Kven er Abimelek, og kven er Sikem, at vi skulle tena han? Er han ikkje son til Jerubbaal, og er ikkje Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som ættar frå Hamor, far til Sikem! Kvifor skulle vi tena denne mannen?
29 Gjev eg hadde hand om dette folket, så skulle eg få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auk hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»
30 Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Gaal, son til Ebed, hadde sagt, vart han rasande.
31 Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg.
32 No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende.
33 I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»