31 Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg.
32 No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende.
33 I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»
34 Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper.
35 Då Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet.
36 Gaal fekk auge på folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.»
37 Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»