34 Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper.
35 Då Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet.
36 Gaal fekk auge på folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.»
37 Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»
38 Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde så lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»
39 Då drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek.
40 Men Abimelek sette etter han og dreiv han på flukt. Mange fall; det låg drepne heilt bort til byporten.