49 Alt folket hogg kvar si bør med greiner og følgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellarrommet og sette fyr på dei over hovudet på dei som var der. Slik mista dei livet, alle som var i Sikem-borga òg, om lag tusen menn og kvinner.
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.
51 Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alle menn og kvinner og alle dei mektige i byen. Dei stengde etter seg og gjekk opp på tårntaket.
52 Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom inntil porten i tårnet og ville setja eld på han,
53 var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på Abimelek så skallen hans vart knust.
54 Han ropa snøgt til våpenberaren sin: «Dra sverdet og drep meg, så det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» Då stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.
55 Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.