5 Så fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg.
6 Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.
7 Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt:Høyr på meg, de menn i Sikem,så skal Gud høyra på dykk!
8 Ein gong gjekk treafor å salva ein konge.Dei sa til oliventreet:«Du skal vera konge over oss!»
9 Men oliventreet svara:«Skulle eg gje avkall på oljen minsom gudar og menneske blir æra med,og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
10 Då sa trea til fikentreet:«Kom du og ver konge over oss!»
11 Fikentreet svara:«Skulle eg gje avkall på mi søte, gode fruktog gje meg til å svaia over dei andre trea?»