1 Dette hende i Xerxes' dagar, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj.
2 I dei dagane då Xerxes sat på kongetrona i borga Susa,
3 i det tredje styringsåret sitt, heldt han ein fest for alle stormennene og tenarane sine. Dei fremste hærførarane i Persia og Media og leiarane for provinsane var hos han.
4 I lang tid, 180 dagar, viste han fram sin kongelege rikdom og si prakt og sin store herlegdom og glans.