Ester 6 N11NN

Mordekai får stor ære

1 Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønika over minneverdige hendingar, og dei las høgt for kongen.

2 Dei fann at det stod skrive korleis Mordekai hadde fortalt om dørvaktarane Bigtana og Teresj, to av evnukkane til kongen, som hadde leita etter eit høve til å leggja hand på kong Xerxes.

3 Då spurde kongen: «Kva heider og ære har Mordekai fått for dette?» Dei unge mennene som tente kongen, svara: «Det er ikkje gjort noko for han.»

4 Så sa kongen: «Kven står ute i slottsgarden?» Haman hadde nettopp kome inn i den ytre slottsgarden for å be kongen om at Mordekai måtte bli hengd på pålen som han hadde reist for han.

5 No svara kongens unge menn: «Sjå, det er Haman som står ute i slottsgarden.» Kongen sa: «Lat han koma inn!»

6 Haman kom inn, og kongen spurde han: «Kva kan ein gjera for ein mann som kongen ønskjer å heidra?» Haman tenkte med seg sjølv: «Kven andre enn meg skulle kongen ønskja å heidra?»

7 Så sa Haman til kongen: «Den mannen som kongen ønskjer å heidra,

8 skal ein gje kongelege klede som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har fått ei kongeleg krone på hovudet.

9 Lat ein av kongens fremste stormenn ta hand om kleda og hesten. Dei skal ta kleda på den mannen som kongen ønskjer å heidra, og la han ri på hesten over torget i byen medan dei ropar framfor han: Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»

10 Kongen sa til Haman: «Skund deg, ta kleda og hesten, slik som du sa, og gjer dette med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt.»

11 Så tok Haman kleda og hesten, kledde Mordekai og lét han ri over torget i byen medan han ropa framfor han: «Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»

12 Så vende Mordekai attende til slottsporten, og Haman skunda seg heim, i sorg og med tildekt hovud.

13 Haman fortalde kona si, Seresj, og alle venene sine alt som hadde hendt. Då sa vismennene og kona hans, Seresj, til han: «Er han av jødisk ætt, denne Mordekai som no held på å få deg i kne, så kjem du ingen veg med han. Han kjem til å bli ditt fall.»

14 Medan dei enno snakka med han, kom kongens evnukkar. Dei førte straks Haman til festen som Ester heldt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10