1 Kong Xerxes la skatt på fastlandet og på øyane i havet.
2 Alt det han gjorde i makt og velde, og historia om korleis kongen gav Mordekai høg rang, er nedskrive i krønikene til kongane i Media og Persia.
3 For jøden Mordekai var nest etter kong Xerxes i rang. Han var stor mellom jødane og godt likt av alle sine landsmenn. Han søkte det gode for folket sitt og fremja fred for alle sine etterkomarar.