1 Dette hende i Xerxes' dagar, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj.
2 I dei dagane då Xerxes sat på kongetrona i borga Susa,
3 i det tredje styringsåret sitt, heldt han ein fest for alle stormennene og tenarane sine. Dei fremste hærførarane i Persia og Media og leiarane for provinsane var hos han.
4 I lang tid, 180 dagar, viste han fram sin kongelege rikdom og si prakt og sin store herlegdom og glans.
5 Då desse dagane var til ende, heldt kongen endå ein fest for alt folket som var i borga Susa, høg som låg. Festen varte i sju dagar på den opne plassen i hagen ved kongens slott.
6 Teppe av det finaste kvite og purpurblå stoff var feste med kvite og purpurraude snorer til ringar av sølv i søyler av alabast. Benker av gull og sølv stod på eit golv av marmor, alabast, perlemor og mosaikksteinar.