13 Og han vende seg til vismennene, dei som var kunnige i å tyda tidene, for slik vart kongens saker lagde fram for alle som var kunnige i lov og rett.
14 Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som hadde tilgang til kongen og var dei fremste i riket.
15 Han spurde dei: «Kva bør etter lova skje med dronning Vasjti sidan ho ikkje gjorde slik kong Xerxes baud henne gjennom evnukkane?»
16 Memukan sa til kongen og stormennene: «Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle stormenn og folk i provinsane til kong Xerxes.
17 For ryktet om dronninga vil spreia seg mellom alle kvinner og få dei til å forakta mennene sine og seia: Kong Xerxes baud at dronning Vasjti skulle førast fram for han, men ho kom ikkje.
18 Alt i dag vil dei fremste kvinnene i Persia og Media tala slik til kongens stormenn når dei får høyra ryktet om dronninga. Og det kjem ikkje til å bli nokon ende på forakt og sinne.
19 Dersom kongen finn det for godt, så lat det gå ut eit kongsord, og lat det skrivast inn i lovene i Persia og Media, så det står urokkeleg fast at Vasjti aldri meir skal visa seg for kong Xerxes, og at kongen skal gje hennar rang som dronning til ei anna kvinne som er betre enn ho.