17 For ryktet om dronninga vil spreia seg mellom alle kvinner og få dei til å forakta mennene sine og seia: Kong Xerxes baud at dronning Vasjti skulle førast fram for han, men ho kom ikkje.
18 Alt i dag vil dei fremste kvinnene i Persia og Media tala slik til kongens stormenn når dei får høyra ryktet om dronninga. Og det kjem ikkje til å bli nokon ende på forakt og sinne.
19 Dersom kongen finn det for godt, så lat det gå ut eit kongsord, og lat det skrivast inn i lovene i Persia og Media, så det står urokkeleg fast at Vasjti aldri meir skal visa seg for kong Xerxes, og at kongen skal gje hennar rang som dronning til ei anna kvinne som er betre enn ho.
20 Når det påbodet kongen sender ut, blir kjent i heile riket, så veldig som det er, vil alle kvinner æra ektemennene sine, høge som låge.»
21 Kongen og stormennene syntest godt om dette framlegget, og kongen gjorde som Memukan sa.
22 Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, om at kvar mann skulle vera herre i sitt eige hus og tala språket til sitt eige folk.