6 Teppe av det finaste kvite og purpurblå stoff var feste med kvite og purpurraude snorer til ringar av sølv i søyler av alabast. Benker av gull og sølv stod på eit golv av marmor, alabast, perlemor og mosaikksteinar.
7 Drikkene vart skjenkte i gullbeger som alle var ulike. Og det var rikeleg av den kongelege vinen, på kongeleg vis.
8 Drikkinga gjekk føre seg etter regelen: «Ingen tvang!» For kongen hadde bode at alle hovmeistrane skulle la kvar og ein få så mykje eller lite han sjølv ville ha.
9 Samtidig heldt dronning Vasjti fest for kvinnene i slottet til kong Xerxes.
10 På den sjuande dagen, då han var oppstemd av vinen, bad kong Xerxes til seg dei sju evnukkane som var hans personlege tenarar, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas.
11 Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker.
12 Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han.