10 Ester fortalde ikkje kva folk og slekt ho var av, for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det.
11 Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor føregarden til haremet for å finna ut korleis Ester hadde det, og kva som vart gjort med henne.
12 I tur og orden skulle dei unge kvinnene gå inn til kong Xerxes, etter at dei gjennom tolv månader hadde gått gjennom det som var føreskrive. Slik vart kuren gjennomført: seks månader med myrraolje og seks månader med balsam og andre kremar for kvinner.
13 Og så, når ei ung kvinne skulle gå inn til kongen, då fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå haremet til slottet.
14 Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen flytte ho til det andre haremet. Der hadde Sjaasgas tilsynet, kongens evnukk som vakta følgjekonene. Ho gjekk ikkje inn til kongen igjen om ikkje kongen ville ha henne og ho vart kalla inn ved namn.
15 Så kom turen til Ester, dotter av Abihajil, som var onkel til Mordekai, han som hadde teke henne til seg som si eiga dotter. Då ho skulle gå inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongens evnukk, Hegai, som vakta kvinnene, rådde henne til. Og Ester vekte godvilje hos alle som såg henne.
16 Ester vart henta til kong Xerxes i slottet hans i den tiande månaden, det er månaden tebet, i det sjuande styringsåret hans.