2 Då sa dei unge mennene som var i kongens teneste: «Leit etter vakre unge jomfruer til kongen!
3 I kvar provins i riket kunne kongen gje nokon i oppgåve å samla alle vakre unge jomfruer og senda dei til haremet i borga Susa. Lat dei stå under tilsyn av Hegai, kongens evnukk, som vaktar kvinnene, og la dei få hudpleie.
4 Den unge kvinna som kongen synest best om, kan bli dronning i staden for Vasjti.» Dette framlegget lika kongen godt, og han sette det i verk.
5 I borga Susa var det ein jødisk mann som heitte Mordekai. Han var son til Ja'ir, son til Sjimi, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen.
6 Han høyrde til dei som var førte i eksil frå Jerusalem saman med Jekonja, kongen i Juda. Det var han som Nebukadnesar, kongen i Babel, hadde ført i eksil.
7 Mordekai var fosterfar til Hadassa, også kalla Ester. Ho var dotter til onkelen hans og hadde korkje far eller mor. Ho var ei velskapt og vakker ung kvinne. Då far og mor hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.
8 Kongens ord og bod vart kjende, og mange unge kvinner vart samla i borga Susa under tilsyn av Hegai. Ester vart òg henta til kongens slott, til Hegai, som vakta kvinnene.