20 Ester fortalde framleis ikkje noko om kva slekt eller folk ho høyrde til, slik Mordekai hadde sagt henne. Ho rette seg etter det Mordekai sa, som ho hadde gjort det då han var fosterfar for henne.
21 I dei dagane hende det, medan Mordekai sat i slottsporten, at dørvaktarane Bigtan og Teresj, to av kongens evnukkar, vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å leggja hand på han.
22 Dette fekk Mordekai vita, og han fortalde det til dronning Ester. Ester sa det vidare til kongen på vegner av Mordekai.
23 Saka vart granska, og då det viste seg å vera slik, vart begge mennene hengde på ein påle. Dette vart skrive ned i krønikeboka i kongens nærvær.