1 Ei tid etter dette gav kong Xerxes høgare rang til Haman, son til Hammedata, agagitten. Han heidra han og sette han høgare enn alle stormennene som var saman med han.
2 Alle kongens tenarar i slottsporten fall på kne og bøygde seg ned for Haman, for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje.
3 Kongens tenarar i slottsporten spurde Mordekai: «Kvifor bryt du kongens bod?»
4 Dei snakka til han dag etter dag, men han høyrde ikkje på dei. Då fortalde dei det til Haman for å sjå om Mordekais grunn vart godteken. For han hadde fortalt dei at han var jøde.
5 Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne og ikkje bøygde seg for han, vart han fylt av sinne.
6 Men han syntest det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Dei hadde fortalt han kva folk Mordekai høyrde til, og no ville Haman utrydda alle jødar, folket til Mordekai, i heile riket til kong Xerxes.