13 Så gjekk det ut brev med ilbod til alle kongens provinsar om å utrydda, drepa og gjera ende på alle jødar, både unge og gamle, born og kvinner, på ein og same dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar. Eigedomane deira skulle plyndrast.