1 Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, og han reiv sund kleda sine og kledde seg i sekk og oske. Så gjekk han ut i byen og ropa og klaga høgt og bittert.
2 Han kom så langt som til slottsporten. Men ingen kunne gå gjennom slottsporten kledd i sekkestrie.
3 Og i kvar provins der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane, med faste, gråt og klage, og mange la seg i sekk og oske.
4 Tenestejentene til Ester og evnukkane kom og fortalde henne dette. Då tok dronninga til å skjelva. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for sekkestrien, men han tok ikkje imot.