1 Den tredje dagen kledde Ester seg i dronningskrud og stilte seg i den indre slottsgarden, midt imot kongens hus. Der inne sat kongen på trona midt imot inngangen.
2 Då kongen fekk sjå dronning Ester der ho stod i slottsgarden, fekk han godvilje for henne. Han rette gullsepteret som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og rørte ved spissen av septeret.
3 Kongen sa til henne: «Dronning Ester, kva vil du? Er det noko du ønskjer? Om det så er halve riket, skal det bli gjeve deg.»
4 Ester svara: «Om kongen finn det for godt, ville eg gjerne at kongen og Haman i dag skulle koma til festen eg vil halda for han.»
5 Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt.
6 Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»
7 Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette: