5 Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt.
6 Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»
7 Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette:
8 Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»
9 Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han.
10 Men han la band på seg og gjekk heim. Så bad han venene sine og kona Seresj om å koma.
11 Haman la ut for dei om den store rikdomen sin, om alle sønene sine, og om korleis kongen hadde gjeve han høg rang og sett han over alle stormennene og kongens tenarar.