10 Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid på raske hestar frå kongens eigen stall.
11 Der stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å stå saman og forsvara livet sitt. Dei kunne utrydda, drepa og gjera ende på kvar væpna styrke i alle folk og provinsar som gjekk til åtak på dei, også barn og kvinner. Eigedomane deira kunne dei plyndra.
12 Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane til kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar.
13 Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde på denne dagen og hemna seg på fiendane sine.
14 På kongens ord reid ilboda av garde på kongens hestar i stor fart med det same denne lova var gjeven i borga Susa.
15 Mordekai gjekk ut frå kongen i kongelege klede i purpurblått og kvitt. Han bar ei stor gullkrone og ei kappe av lin og raudt purpur. Og byen Susa jubla og gledde seg.
16 Hos jødane var det lys og glede, fryd og herlegdom.