14 På kongens ord reid ilboda av garde på kongens hestar i stor fart med det same denne lova var gjeven i borga Susa.
15 Mordekai gjekk ut frå kongen i kongelege klede i purpurblått og kvitt. Han bar ei stor gullkrone og ei kappe av lin og raudt purpur. Og byen Susa jubla og gledde seg.
16 Hos jødane var det lys og glede, fryd og herlegdom.
17 I kvar provins og kvar by, så langt som kongens ord og bod nådde, vart det glede og fryd mellom jødane, ein dag for fest og feiring. Og blant folka i landet var det mange som sa seg å vera jødar. For det hadde kome over dei ei redsle for jødane.