2 Kongen tok av seg signetringen som han hadde teke tilbake frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset til Haman.
3 Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho fall ned for føtene hans, og gråtande trygla ho han om å stansa dei vonde planane som Haman, agagitten, hadde lagt mot jødane.
4 Kongen rette gullsepteret ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen
5 og sa: «Dersom kongen finn det for godt og han ser på meg med velvilje, om saka er rett for kongen og han synest godt om meg, så skriv og kall attende breva frå Haman, son til Hammedata, agagitten, dei som han skreiv då han la planar om å gjera ende på jødane i alle kongens provinsar.
6 Korleis skal eg klara å sjå på det vonde som elles vil råka folket mitt, og korleis skal eg klara å sjå at slekta mi blir øydelagd?»
7 Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd på ein påle fordi han ville leggja hand på jødane.
8 Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl på det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»